Om oss
Alt det gode frå bygda – på éin stad
Matauk er butikk og kafé for lokalmat, midt på Vangen i Voss sentrum. Ideen bak er enkel: du skal kunne handle råvarer frå lokale produsentar utan å måtte innom ti ulike utsal. Hos oss finn du dei samla under eitt tak – og folk som kan fortelje deg kvar kvar einaste vare kjem frå.
Korleis det starta
Matauk vart starta av Ellen Trulsdatter Astrup i 2025. Ho såg at Voss og Vestlandet er fulle av dyktige matprodusentar – men at varene deira var spreidde på gardsutsal, marknader og enkeltbutikkar med kvar sine opningstider. Ein stad som samla dei, fanst ikkje. Så ho laga den.
Butikken held til i Vangsgata 23, i eit bygg frå 1899. Her har det vore handel i over hundre år, og det passar oss godt.
Draumen bak Matauk
Det er nesten så eg har teke det med i kveldsbøna: å få tak i gode råvarer utan å drive detektivarbeid, og utan å kjenne meg halvkriminell når eg luskar inn på framande tun i håp om å finne eit kålhovud eller ein purre til sals.
Eg har òg sakna ein stad der det er lov å stille spørsmål. Om skilnaden på potetsortar. Om kvifor det er lurt å steikje i talg. Om kva det eigentleg tyder at ølet er brygga på kveik – og få svar frå eit menneske, ikkje ein chatbot.
Eg drøymde om å kunne handle når behovet dukkar opp. Ikkje berre dei 30 minutta i månaden det er REKO-ring. Å handle når eg har tid, lyst og overskot. Når eg skal gje bort ei gåve. Når eg får besøk og treng noko
skikkeleg godt til grillen. Når ungdomen vil ha taco – og eg seier ja, fordi kjøtdeigen er frå grasfôra kyr utan tilsetjingar, og krydderet kjem frå ein gard i nærleiken. Når eg har gått tom for den økologiske yoghurten eg har blitt avhengig av. Eller når eg plutseleg får det for meg at eg skal koke kraft på kraftbein i morgon.
Eg drøymde om å kunne utvide horisonten medan eg handlar. Bli inspirert. Inspirere andre. Utan å sitje på nettet og leite etter informasjon.
Så enkelt. Og likevel så vanskeleg.
Etter å ha bore på denne draumen i mange år, skjøna eg éin ting: Skulle han bli røyndom, måtte eg gjere det sjølv.
Difor starta eg Matauk.
Kanskje er du litt som meg? Då er du hjarteleg velkomen.
Produsentane
I hyllene våre finn du varer frå meir enn 50 lokale og regionale produsentar – små gards- og handverksbedrifter som Voss Gardsslakteri, Bergen Kaffebrenneri, Konstali Surdeig og Ulvik Frukt & Cideri. Sortimentet spenner frå kjøt, ost og smør til grønsaker, bakevarer, fisk, honning, kaffe, øl, sider og most.
Vi kjenner folka bak varene. Spør du kvar rømmen kjem frå, får du ikkje eit merkenamn til svar – du får namnet på garden, og gjerne litt om korleis dei lagar han. Den kunnskapen følgjer med på kjøpet, anten du handlar i butikken eller her i nettbutikken.
Butikk og kafé
Matauk er òg ein kafé. Her kan du setje deg ned med ein kopp kaffi frå Bergen Kaffebrenneri og noko godt frå disken – og smake deg fram i sortimentet før du fyller handlekorga. Mange av dei som stikk innom for ein kaffi, går ut att med ein ost, ei flaske sider eller eit brød under armen. Det er heilt greitt for oss.
Besøk oss
Matauk Vangsgata 23, Voss
Finn du ikkje det du leitar etter, eller vil du bestille noko spesielt? Send oss ei melding på Instagram (@mataukvoss) eller ein e-post – så hjelper vi deg.