Ekte mat frå folk du kjenner
Me samlar det beste frå lokale produsentar på Voss og Vestland — så du slepp å leite. Kom innom, still spørsmål, og handle godt.
«I mange år har eg drømt om ein plass der eg kan handle råvarer frå lokale produsentar, utan å måtte innom ti ulike butikkar.»
Kortreist
Produkt frå gardar og småprodusentar i nærområdet. Du veit kven som lagar det.
Bindeleddet
Me let produsentane skinne og skaper møte mellom deg og dei som lagar maten din.
Kunnskap med kjøpet
Still oss spørsmål — om potetsortar, talg, kveik eller kva som helst. Me elskar matprat.
Besøk oss
Våre opningstider
Du finn oss i Vangsagata 23, i det gamle huset frå 1899. Stikk innom — Me hjelper deg gjerne å finne det du leitar etter.
Kva folk seier
Matnerdar elskar oss
4,9 av 5 på Google
«En skjult perle i byen. Butikken er fylt med kjærlighet og lidenskap for lokale og økologiske produsenter – og kaffen, surdeigen med pesto og ost og lefsa var rett og slett deilig.»
J.J.
Google-anmeldelse
«Utmerket kaffe – men det som skilte seg mest ut var den varme og vennlige servicen. Anbefales på det sterkeste.»
Fahad Alotaibi
Google-anmeldelse
«Herlig atmosfære og nydelig mat. Eieren har en vakker respekt for tradisjonene – og vil dele dem med alle.»
Diana
Google-anmeldelse
«Koselig liten kafé med lokale råvarer frå Voss og områda rundt.»
Pål Friele Grung
Google-anmeldelse
Nyheitsbrev
Bli fyrst til å høyre kva som er i sesong
Me sender deg nyhende frå produsentar, tips frå butikken og oppskrifter som matchar årstida, rett i innboksen din.
- Fyrste beskjed om nye varer og produsentar
- Sesongoppskrifter og matinspirasjon
- Invitasjonar til arrangement og kurs
- Ingen spam. Meld deg av når du vil.
Meld deg på
Takk! Du er påmeld — vi høyrest snart.
Vi deler aldri e-postadressa di. Du kan melde deg av når som helst.
Våre produsentar
Møt menneska bak maten din
KjøttVoss Gardsslakteri
Er eit lokalt gardsslakteri på Voss, drive på Selheim Gard. Her blir dyr slakta og kjøtet foredla lokalt, med vekt på kortreist mat, tradisjonelt handverk og god kvalitet. Dei produserer mellom anna ulike kjøtvarer og korv, basert på råvarer frå garden.
DrikkeVoss Gardspresseri
Er eit samarbeid mellom Finnegarden i Gullfjordungen og Gjerstad Gard i Dyrvedalen på Voss. Dei produserer økologisk eplemost og sider av eple frå eigne og lokale hagar, med fokus på reine råvarer, kvalitet og lokal foredling. Eplemosten er laga av 100 % økologiske eple, utan kjemikaliar eller sprøytemiddel.
GardFinnegarden
Er ein historisk gard i Gullfjordungen på Voss, med røter heilt tilbake til mellomalderen. I dag blir garden driven med fokus på økologisk matproduksjon, fruktdyrking og lokal foredling, samtidig som dei tek vare på historia og kulturlandskapet.
GardUndeland Gard
I Ulvik i Hardanger dyrkar økologiske, ureiste og usprøyta snittblomar med fokus på sesong, handverk og berekraft. På den vesle garden dyrkar dei over 100 ulike blomsterslag, som blir hausta og bundne for hand til bukettar og dekorasjonar. Produksjonen har vore Debio-godkjend økologisk sidan 2018, og blomane blir leverte til mellom anna bryllaup, arrangement og andre høve i Hardanger, Voss og Bergen.
GardEen Gard
Er ein familiebedrift på Voss. Garden har ein liten flokk med den lokale og utryddingstruga storferasen Vestlandsk fjordfe, og produserer mellom anna økologisk og grasfôra kjøt, syltetøy, gelé, urtesalt og hudpleieprodukt. Drifta byggjer på god dyrevelferd, lokale ressursar, berekraft og regenerative metodar, med mål om å ta vare på både kulturlandskapet og den tradisjonelle storferasen.
GardAlm Gard
Produserer økologisk handverksis basert på gamle italienske oppskrifter. Isen blir laga med eigne og lokale råvarer, mellom anna fersk mjølk og fløyte frå telemarkskyr og frukt og bær frå garden og nærområdet. Dei lagar fløyteis, yoghurtis , yoghurt og sorbet utan kunstige aromaer, fargestoff eller konserveringsmiddel.
GardDugstadgarden
rikt utval av grønsaker frå Dugstadgarden.
TradisjonSmalahovetunet
Smalahove og vestlandsk matkultur i særklasse.
GrøntKjøkkenhagen på Rykkje
Urter, grønsaker og blomster dyrka i kjøkkenhagen på Rykkje.
KaffiBergen Kaffebrenneri
Handverksbrenneri frå Bergen med spesialkaffe til Matauk-hylla.
BakeriVik Café og Bakeri
Handlaga brød og kaker frå Vik, baka med kjærleik og lokale råvarer.
BryggeriVoss Fellesbryggeri
Handverksøl brygga på kveik-gjær med djupe røter i Voss-tradisjonen.
Frukt og siderUlvik Frukt og Cideri
Familiegard på Hakastad i Ulvik. Eplemost, sider og eplecidereddik av 20 eplesortar.
MatGenerasjonsmat
Mat laga på oppskrifter og metodar ført vidare gjennom generasjonar.
BakeriKonstali Surdeig
Surdeigsbakst av beste sort — slow food på sitt aller beste.
FiskLeiren Laks
Kortreist laks og sjømat frå reine vestlandsfjordar.
KjøttEvangerpølsefabrikk
Handverkspølser og kjøttprodukt frå Evanger, laga med stoltheit og tradisjon.
MeieriHarddanger Bygdeysteri
Handlaga ost og meierieprodukt frå eit lite bygdeysteri med stoltheit.
MeieriUndreal Stølsysteri
Undredal Stølsysteri viderefører en ubrutt ystetradisjon i Undredal, der gårdene i generasjoner foredlet sin egen geitemelk til hvit og brun ost.
GardVikja
Fem gardar i Vik har gått saman og etablert eige slakteri og foredlingsverksemd. Det gjev trivsel og lite stress for dyra og sikrar god kvalitet til deg som forbrukar.
MatLysmaker
Handlaga på Bolstadøyri. Heilt rein bivoks, tolmodig handlaga, som gir det same lyset som har følgt menneskelege samlingar i tusenvis av år.
MatHelsekjelda
har som målsetting å laga produkt som tilfører kroppen gunstige stoff gjennom huda. Produkta er naturlege og økologiske, og vert produsert i Norge.
GardHarding Sideri
Harding Sideri er Hardangers eneste økologiske sidergård, og drives av Jan Ove Nes.
GrøntFjelldyrka
Salat og snittblomster dyrka utan sprøytemidler og kunstgjødsel i Bergsdalen.
GardInnetun Gard
Gården dyrkar plommer med fokus på lokal frukt og ekte gårdsopplevelser.
GardLid i Bergsdalen
Gode bær frå Lid i Bergsdalen.
HonningSvein Helge Ovrid
Driver Hesjeliane Gard i Granvin, med lokal honningproduksjon forankra i landbruket og kulturlandskapet i Hardanger.
GardSøre Skogen Pil
Søre Skogen ligger i Skjold, Vindafjord kommune. Leverer piler og flotte spælsauskinn.
GardEdenheim
«For oss er det ingenting som slår å spise rett fra gren og busk. Produktene våre er det nest beste alternativet. Veien fra råvare til et Edenheim produkt er alltid kortest mulig. » — Harald Johnsen, Edenheim
GrøntVoss Microz
Dyrkar førsteklasses mikrogrønt på Voss, med fokus på kvalitet og berekraft. Dei leverer ferskt mikrogrønt til kokkar, lokalsamfunn og helsemedvitne kundar over heile Vestlandet.
MatLarsastova
Driv økologisk gardsdrift med eige godkjent gardsslakteri, der dyra blir slakta og foredla direkte på garden. Dei legg vekt på kortreist mat, god dyrevelferd og høg kvalitet gjennom heile produksjonen, og tilbyr mellom anna kalvekjøt, pølser og andre foredla produkt frå garden.
HandverkWonki Ware
Wonki Ware er handlaga keramikk frå George i Sør-Afrika, der kvart produkt blir forma, pussa og måla for hand. Resultatet er unike koppar, skåler, tallerkar og fat med sitt eige uttrykk. Merket legg vekt på berekraft, fellesskap og å skapa arbeidsmoglegheiter lokalt.
HonningVossabia
er ei lokal verksemd frå Voss som lagar naturlege hud- og kroppspleieprodukt med råvarer frå plantar, urter og bier inspirert av naturen, biologisk mangfald og ei interesse for heilskapleg helse. Dei første hudpleieprodukta kom i 2004, og sidan då har Vossabia utvikla eit breitt utval produkt med fokus på naturlege ingrediensar, berekraft og lokal forankring
GardLutro Gard
Dyrkar mellom anna moreller, eple, pærer og plommer. På garden blir delar av frukta foredla til eigne produkt som me sel i butikken vår.
MatNøring
Er ei lita lokalmatbedrift frå Øystese i Hardanger. Dei lagar kortreist mat med utgangspunkt i lokale tradisjonar, handverk og råvarer frå Hardanger, som frukt, bær og ramslauk. Sortimentet spenner frå tradisjonell Hardangerbakst til geléar og andre smakfulle produkt, utan bruk av kunstige konserveringsmiddel.
BakeriMosstovo Bakst
Produksjon av flatbrød, potetkaker, krotakaker og div lefser, laga etter gamle oppskrifter med gode råvarer. Baka av Toril Reine Folkedal.
DrikkeDraopar
Eidfjord sitt fyrste sideri og lagar sider og eplemost av friske eple frå Hardanger. Sideriet vart skipa i 2022 og har sidan flytta produksjonen til gard i Eidfjord, der dei no er sjølvforsynte med eple. Draopar kombinerer lokal sidertradisjon med handverk.
BakeriVossabakst
Er eit lokalt handverksbakeri. Dei bakar med utgangspunkt i gamle tradisjonar og teknikkar, brukar surdeig og eigne kulturar, og vel lokale råvarer når dei kan. Brøda blir laga utan tilsetjingsstoff, og bakeriet tilbyr eit stort utval av ferske brød, og konditorvarer.
GardStyvesbønder
Driv økologisk sauehald på garden Styve i Evanger, der familien har livnært seg i 16 generasjonar. Dei held gamalnorsk spælsau som beitar i skog og fjell, og produserer mellom anna lammekjøt, pinnekjøt, spekepølse, sauekorv og saueskinn. Drifta byggjer på gamle tradisjonar, naturbeite og berekraftig ressursbruk, og er økologisk godkjend av Debio.
Fleire produsentar kjem
Denne sida vert oppdatert med alle produsentar og leverandørar til Matauk...
Spørsmål og svar
Lurer du på noko?
Vi elskar spørsmål. Finn du ikkje svaret her, stikk innom butikken eller send oss ei melding.
Vi sel råvarer og foredla produkt frå lokale og regionale produsentar — kjøtt, meierievarer, grønsaker, honning, egg, drikkevarer, tørrvarer og eigne spesialitetar. Utvalet skiftar med årstidene.
Ja. Du handlar direkte her i nettbutikken. Leitar du etter noko vi ikkje har lagt ut — større mengder, gåvekorger eller ein bestemt produsent — send oss ei melding, så ordnar vi det.
Mange av produkta er sertifisert økologiske, men ikkje alle. Vi stiller krav til dyrevelferd, kortreist produksjon og minimalt med tilsetningar. Vi merkar tydeleg i butikken kva som er kva — og du er alltid velkommen til å spørje.
Ja. Huset vårt frå 1899 eignar seg fint til arrangement, slektstreff, møte og marknader. Ta kontakt for å høyre om tilgjenge og prisar.
Du finn dei lenger nede på denne sida, alltid oppdaterte. Vi held av og til ekstra ope rundt heilagdagar og arrangement — det seier vi frå om på Instagram.
Vi er alltid interesserte i å høyre frå lokale produsentar som deler verdiane våre. Send oss ei melding om kva du lagar, så tek vi ein prat.